Det har vanlegvis vore ein eigen marknad for sal av eigne eller lokalproduserte varer på dei internasjonale konventa for Y's men. Her kan Y's men frå ulike deler av verden muligheit for få lagt ut lokalproduserte varer for sal.
Gjenstandane som blir teke med for sal er normalt små suvenir laga av lokale råvarer av lokale handverkarar eller av Y's men's klubbane sjølv. Fortenesta er det føresetnaden skal gå til å finansiere seljaren sine lokale og/eller Y's men's internasjonale prosjekt.
Vi vil i Stavanger vidareføra denne tradisjonen. Dersom vil vi stille opp ein del bord for å ha utstillingsvaren på nær møtesalen. Men vi vil ikkje bruke meir tid og pengar på dette enn nødvendig. Derfor vil vi gjerne vite kven det er som vil bruka denne muligheita.
Med dette som bakgrunn ber vi derfor klubbar, distrikt eller land som vil ha med seg varer til marknaden om å orientere oss om dette. Det gir oss muligheit for å sette opp det ønska talet på bord på førehand.
Så om du har planar om å selja noko under IC2012 så vær gild å send oss ei melding til Ivar Langen som har ansvaret for å organisera marknaden. Det som er viktig for han er namnet på klubben og kva slag varer ein tek sikte på å ha med.
Ivar Langen si E-post adresse er: ivar.langen@online.no